Nytt Fjelloppsyn i Vestre Slidre fjellstyre

 Den 1. juni starta Kenneth Monsen som Fjelloppsyn II i 50% stilling for Vestre Slidre fjellstyret. Han har vore tilsett som deltidsoppsyn frå 2008 og rykka opp etter at Erle Frantzen slutta. Han er godt kjent i fjellet frå før, både som deltidsoppsyn, lidenskapelig hundekjørar og som arealplanleggar for Vestre Slidre kommune. Han vil i tillegg halde fram som planleggar i 40% stilling. Denne kombinasjon er ei god løysing for både kommunen og fjellstyret - og for Kenneth som gjerne vil bytte ut PC med feltarbeid.