Forvaltningsplan for fjellstyre

fp.PNG

 Aurland fjellstyre har vedteke ny forvaltningsplan.

Fjellstyret har fleire positive erfaringar med planen og prosessen rundt:

  • Fjellstyret får drøfta gjennom ein del problemstillingar, noko som gjer nye medlemar godt kjende med arbeidsområda.

  • Mogleg å involvera fleire til å koma med synspunkt på forvaltinga gjennom høyringsinnspel.

  • Får dokumentert status og trendar på ein del område som kortsal, søkarmasse, fangststatistikk m.m..

  • Det vert fastlagt ein del prinsipp og prosedyrar omkring t.d. korttildeling for jakt og fiske. Greitt for både fjellstyret og publikum at desse er skriftlege og ligg forholdsvis fast for ein lengre periode, utan for store krumspring frå år til år.

Bruk den gjerne som inspirasjon! Planen vil vera retningsgjevande for fjellstyret si forvalting innan felt som fiske, småviltjakt, villrein, beite og andre landbruksinteresser, hytter, oppsynsteneste, informasjon og tilrettelegging. 

NFS anbefaler fjellstyrer å utarbeide forvaltningsplan. Veileder ligger på våre hjemmesider.

 Se forvalningsplan for Aurland her

TORGEIR LANDE