Gjerder til glede og besvær

Gjerdekjøring10febr.JPG

Fleire fjellstyre, Statskog og Mattilsynet har starta opp ein gjerdeaksjon.

Gjerdehald som ikkje er i tråd med regelverket (dyrevelferdslova) vil bli rapportert til Statskog, som gjev festaren påbod om å reparere eller om å rydde opp. Mattilsynet kan bli kopla inn dersom påbod ikkje blir etterkome. 

Vi oppfordrar alle som er ansvarleg for gjerdar på statsallmenning - vere seg bruksrettshavarar eller hytteeigarar - om å sjekke tilstand på eige gjerde av omsyn til dyrevelferd. Da vil Fjelloppsynet som utførar kontroll med oppsette gjerdar kome til ordna forhold.

 Meir info om gjerdetilsyn kan bl.a. lesast her:

 www.vaga-fjellstyre.no/aktuelt/kontroll-av-gjerde

 www.folldal-fjellstyre.no/aktuelt/tid-for-se-etter-gjerder-i-statsalmenningen

 Sel fjellstyre hadde ein liknande aksjon i 2018: www.sel-fjellstyre.no/aktuelt/kontroll-av-gjerdehold-2018?page=3

 

TORGEIR LANDE