God jul
Vi har snart lagt nok eit utfordrande år bak oss. Fra full gjenåpning i sommar, til omikron og gradvis meir inngripande tiltak inn mot jul. Alikevel må vi vel vera enige om at fjellstyresystemet klarar seg godt. Tilbodet vårt blir benytta av fleire og fleire, noko som sikrar auka verdiskaping lokalt og betre økonomisk handlingsrom for fjellstyra. Samtidig ser vi at Regjeringa dessverre ikkje følger opp det dei har lova i opposisjon og da ikkje vel å auke refusjonsposten. Her har vi ein jobb å gjera fram mot revidert.
Med siste verset av Hans Børli sitt dikt, «Jul igjen», vil eg få ønskje alle Fjellstyrer og samarbeidspartar ei riktig god jul! Takkar for godt samarbeid i året som har gått, og ønskjer alle eit godt og framgangsrikt nytt år!
Bak alle bitre vinterdøgn, med ufred, hat og løgn nå spirer tru på denne vår, som julestjernens glitter spår. Ja, denne tanken tvetes ren av barneøynes tru, når nå en julekveld igjen mot rommets fred slår bru. (Børli)
Helsing frå Jan Olav Solstad, Styreleiar NFS