Hardangervidda Fjelloppsyn AS søker ny medarbeidar
Fjellstyra på Hardangervidda AS er heileigd av dei 6 fjellstyra på Hardangervidda og Hardangervidda Grunneigarsamskipnad. Dei tilsette står for dagleg drift av fjellstyrekontor, skjøtselsoppgåver, naturfaglege registreringar, informasjonsarbeid samt oppsyn med miljølovverka. Det blir utført arbeid på oppdrag frå Statens naturoppsyn og fleire forvaltnings- og forskingsinstitusjonar. Den operative verksemda ber namnet Hardangervidda Fjelloppsyn.
Me søkjer etter ny medarbeidar med tittel fjelloppsyn (1 fast stilling). Selskapet si oppdragsmengde kan verta utvida og det kan verta aktuelt å tilsetja fleire personar utover den eine faste stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Drift av fjellstyra som forvaltar Ullensvang og Røldal statsallmenning.
Sakshandsaming, administrativt arbeid, service og kontakt med brukarane av statsallmenningen.
Skjøtselsoppgåver i statsallmenningane (transportar, vedlikehald av hytter, fiskekultivering og liknande).
Naturoppsyn. Jakt- og fiskeoppsyn. Handheving av miljølovverka.
Informasjonsarbeid. Rekruttering
Arbeid med naturfaglege registreringar.
Les meir her