Ledig stilling som Fjelloppsyn

Eresfjord og Vistdal fjellstyre har lyst ut stilling som Fjelloppsyn. Stillinga vert lyst ut i 50 % stilling. Det er godt mogleg å auke denne stillinga ved sal av tenester. Dette er avhengig av kvalifikasjonar og interesser til den som vert tilsett. Det er styret sitt mål at vi i samarbeid med andre på sikt kan auke til 100 % stilling.

Eresfjord og Vistdal fjellstyre forvaltar Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.


Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.


Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

Les meir om stillinga her

TORGEIR LANDE