Nytt fjelloppsyn på Hardangervidda
Steinar Lund er tilsett som ny medarbeider hjå oss. Steinar kjem frå Ullensvang, er 33 år, og har mastergrad i naturforvaltning frå Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet. Mastergraden omhandla aktsemd hjå svalbardrein. Han har etter det vore tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som nasjonalparkforvaltar og rådgjevar, Naturforvaltar hjå Hardangerconsult og/Norconsult, Rådgjevar i Utmarksressurs as, Sakshandsamar hjå Ullensvang herad samt har hatt kortare engasjement som naturvegleiar og feltarbeider for NINA og UiOslo vedrørande rein og reinbeite.
Han er tilsett i 100% stilling og skal ,veda sida av oppsyn og anna feltarbeid, ta hand om sekretariata for Fellesstyret, Ullensvang og Odda fjellstyrer.