Opning av grenser og oppheving av fredningssoner
Dei 4 fjellstyra Ullensvang, Røldal, Eidfjord og Øvre Numedal har gjort fylgjande vedtak som vert gjeldande frå og med 17 september 2020 og ut jakta:
Alle som har utskrive jaktkort frå fjellstyret i ein av dei fire Statsallmenningane nemnd over kan nytte desse fritt på heile arealet til dei fire Statsallmenningane.
Alle som har kort på ein av dei fire Statsallmenningane nemnd over får fullmakt av det aktuelle fjellstyret til å overføre kortet/korta sine til andre med kort frå det same fjellstyret. Dette kan gjerast uavhengig av tidlegare inngåtte jaktlagsavtaler.
Alle fredningssoner opphevast ut jakta 2020.
Vedtaka er gjort med bakgrunn i den ekstraordinære situasjonen etter påvist CWD på Hardangervidda. Fjellstyra ynskjer med dette å bidra til auka felling i tida som står att av jakta. Med dette vedtaket opnar dei fire fjellstyra nesten 2000 kvadratkilometer for samanhengande jakt. Arealet strekker seg frå E134 i sør til Hardangerjøkulen i Nord og Nore og Uvdal i aust.
Nye regler for å unngå skrantesykesmitte fra Hardangervidda finner du her