Seterdrift fortsatt viktig
NFS har hausten 2022 deltatt i ei referansegruppe for ei seterutredning. Ei «setergruppe» vart oppnemnt i samband med jordbruksforhandlingane i 2022 og bestod av representantar frå 3 ulike direktorat. I tillegg vart det oppnemnt ei referansegruppe som altså NFS fekk plass i. Referansegruppa diskuterte seter før og no, verkemiddelbruk og kva som skal til for å oppretthalde aktiv setring med særleg mjølkeproduksjon. NFS innhenta tilbakemeldingar frå aktive seterbrukarar gjennom fjellstyre i viktige seterområde på statsallmenning. Tilbakemeldingane vart vidaresendt til Landbruks- og matdepartementet som hadde sekretariatet for arbeidet.
Rapporten som besvarar oppdraget som blei gjeve til direktorata i jordbruksoppgjeret 2022, og som er eit innspel til partane i jordbruksoppgjeret 2023 er levert og kan lesast her: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/nyhetsrom/rapporter/forslag-til-satsing-for-fortsatt-seterdrift
Utredninga viser at aktive setre er viktige for matproduksjon, bærekraftig ressursbruk og for å hindre forfall og gjengroing. Antall setre i drift går likevel raskt ned.
Nedgangen i antall melkeprodusentar og redusert lønnsemd i seterdrifta forklarar truleg mykje av tilbakegangen.
Dei tre direktorata anbefalar at «tilrettelegging for ressursutnyttelse i utmark og matproduksjon fortsatt må være bærebjelken i arbeid for ivaretakelse av seterdrifta. Drifta viderefører også kunnskap om denne ressursutnyttelsen, noe som er viktig i et langsiktig beredskapsperspektiv. I tillegg må det legges til rette for videreført fellesgodeproduksjon i form av landskaps-, naturmiljø- og kulturmiljøverdier knyttet til seterdrifta. Dette vil bidra til å nå flere av målene for landbruks- og matpolitikken og mål for naturmangfold og kulturmiljøer»…. «Økte tilskudd til drift av seter gjennom landbrukets regionale miljøtilskudd er det viktigste økonomiske virkemiddelet, men andre virkemidler målrettet mot spesifikke verdier bør også inngå i en satsing på seterdrift. På kulturmiljøfeltet kan bidrag gjennom Kulturminnefondet og Norsk Kulturarvs aksjon «Ta et tak» være aktuelle.»