Vågå søker Fjelloppsyn

Vil du arbeide med naturoppsyn, skjøtsel og informasjon i tillegg til administrasjon av småviltjakt, fiske og hytteutleige? Da kan jobben som Fjelloppsyn i Vågå passe for deg.

Vågå fjellstyre forvaltar bruksrettane, dvs. jakt, fangst, fiske, seterbruk og beite i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar. Med eit samla areal på ca. 900.000 dekar utgjer statsallmenningane ca. 2/3 av arealet i kommunen. Fjellstyret har ei årleg omsetning på ca. 5 mill. kroner, og har tre tilsette (ca. 2,7 årsverk). Fjellstyret sine tilsette har også ansvar for dagleg drift av settefiskanlegget AS Vågåfisk. Vågå byr på store område for eit aktivt friluftsliv, med god tilgang på jakt og fiske. Seterbruk og beitebruk har lange tradisjonar. Ein del av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Langmorkje statsallmenning. Med bl.a. Gjende og Besseggen som kjente turmål, er det stor utfart i statsallmenningen til ulike årstider.

Arbeidet vil og omfatte:

  • Drift av fjellstyret si heimeside.

  • Arbeid knytt til sal av teneste til m.a. Miljødirektoratet/SNO, Vågåfisk og Finndalen fjellstyre.

  • Litt økonomiarbeid for fjellstyret, som er ei økonomisk sjølvstendig eining med rekneskapsplikt.

Les meir om stillinga her

TORGEIR LANDE