Nyansettelse hos Hardangervidda Fjelloppsyn
Rune Aarhus er ansatt som fjelloppsyn hos Hardangervidda Fjelloppsyn AS. Rune har jobba mykje med friluftsliv og veiledning i ulike stillingar, samt som sakshandsamar i kommunen. Av meir spesifikk felterfaring har han dei siste 2 år hatt ei deltidsstilling som utmarksoppsyn for Vinje Kommune. Der har rolla vore vertskap og tilsyn for å betre tilhøva mellom bruken av utmarksområda i kommunen. Rune har bla utdanning innanfor friluftslivsfag og pedagogikk.
Rune er nær knytt til naturen. Frå barndommen mykje jakt og fiske, seinare meir tid på aktivitetar som ski, sykkel og klatring.
Han har og erfaring med eige firma som arbeider med kursing og guida opplevingar innanfor bla skred, klatring, sykkel og ski.
-Ellers er eg takknemleg over å ha fått tilliten til å arbeide for Fjelloppsynet og gledar meg til å ta fatt på dei oppgåvene der, fortel han til Norges Fjellstyresamband. Nokre av oppgåvene eg verkeleg ser fram til er dei som føregjeng til fjells og ikkje minst å få møte mange andre dyktige og erfarne kollegaer. avsluttar han.