Nytt Fjelloppsyn hos Eresfjord og Vistdal fjellstyre

Eresfjord og Vistdal fjellstyre har tilsett Åshild Gåsvatn Rye som Fjelloppsyn etter Dag Ringstad, Åshild er  32 år og opprinnleg frå Orkdal. No bur ho i Øksendal i Sunndal kommune. Åshild har m.a. utdanning i  natur og kulturminneoppsyn, friluftsliv og uterehabilitering, og ho er utdanna som arktisk natur guide.

Administrativ erfaring har ho m.a. frå Kings-Bay i Ny-Ålesund, to sesongar som feltinnspektør for Sysselmannen på Svalbard og som fiskeoppsyn i Tana. Ho har og erfaring som grensevakt i Forsvaret og som fengselsbetjent.  Åshild er glad for å kunne jobbe med naturforvaltning og naturoppsyn og at ho naturlegvis er glad i friluftsliv.

Les mer om Eresfjord og Vistdal fjellstyre her

TORGEIR LANDE